Versjonskontroll
Nokre punkt om versjonskontroll:
- tek vare på historia (alle versjonane)
- det blir ei tidsmaskin - det er alltid mogleg å angra seg, og gå tilbake til fortida (framtida er det enno litt vanskeleg å gjera noko med)
- flettar av seg sjølv i hop dine og mine endringar
- heile historia ligg på éi datamaskin
- alle hentar sin eigen kopi derifrå (det var det vi gjorde i går)
- vi endrar på ei fil …
- … og sender endringane tilbake til sentralen
Bilete: Lene sjekkar inn og Maja oppdaterer
- og sentralen (gtsvn) sender ut endringane til alle andre -
når dei ber om det!
- programmet vi bruker flettar i hop mine og dine endringar - så lenge det er
rein tekst, og vi ikkje har endra på same line
- har to personar endra på same line, blir det konflikt, dvs at då klarar ikkje datamaskina lengre å vita om det er di eller mi endring som gjeld; slike konfliktar må løysast manuelt: eg må seia om eg vil ha mine eller dine (eller ein kombinasjon) endringar
Derfor:
- oppdater ofte
- oppdater alltid før du sjekkar inn
- sjekk inn ofte - mange endringar (som du får om du sjekkar inn sjeldan) fører lettare til konflikt
Viktige grunnreglar:
- vi prøver å halda koden “rein” - dvs at koden til ei kvar til skal kunna omformast automatisk til eit dataprogram, til ordbøker, til oahpa-materiale, til ein stavekontroll, osb.
- det betyr at endringar som øydelegg koden ikkje kan aksepterast
- det handlar om kvalitetssikring
- ikkje alle kan få rett til å senda inn endringane sine direkte
- til å byrja med må de i staden senda inn ei “bot” (“patch”), dvs ei fil som innehelding endringane du har gjort; det er enkelt å laga ei slik bot med TortoiseSVN
- etter kvart som bøtene som kjem inn blir betre og reinare, kan folk få direkte skrivetilgang, men ikkje før
Korleis lagar vi den riktige ordboka?
Bilete: Ciprian lagar ordbok
Desse filene som vi arbeider på er “råfiler”, det er det vi byggjer ordbøkene av - men dei er ikkje sjølve ordboka som du kan slå opp i og søkja i. Ordboka er det Ciprian som lagar (eller nokon annan).
Steg-for-steg-oppskrift
- oppdater svn
- rediger fila
- lagra fila
- oppdater svn
- lag ein lapp (“patch”)
- send inn lappen til feedback@divvun.no eller giellatekno@hum.uit.no
Leggja til nytt ord
- klikk på “e” i lista øverst
- klikk på “Insert before” eller “Insert after”
- trykk retur/linjeskift
- skriv inn oppslagsord + ordklasse
- trykk TAB
- skriv inn omsetjing + ordklasse
- lagre