Praktiske opplysningar
for Kurs i installation och användning av språkteknologiska program för nordiska minoritetsspråk Tromsö, 29.8-2.9 2022
Lokaltransport flyplass - sentrum - universitetet
Billett til bybussen
Det enklaste er å kjøpe billett via ein app, Troms Billett (Android og Iphone).
Pris:
- 1 reise (1 time 30 min, med overgang): NOK 39,-
- 24 timar: NOK 110,-
- 7 dagar: NOK 270,-
Det billegaste er å bestille ein periodebillett for 7 dagar, då er det også mogleg å ta bussen til og frå flyplassen.
Det er også mogleg å betale bussbilletten (ei reise) via SMS (med å sende meldinga BUSS til telefonnummer 2002.
Det er ikkje mogleg å kjøpe billett på bussen, verken med kontantar eller med kredittkort.
Bussruter
- Buss mellom flyplassen og sentrum: buss 42 og buss 24.
- Buss frå sentrum til UiT: buss 20, 21, 34.
- Buss frå UiT til sentrum: buss 20, 21, 33.
- Buss frå flyplassen til UiT: buss 24 + 33 eller 42 + 33 (bytte i Giæverbukta)
- Buss frå UiT til flyplassen: buss 34 + 24 (mot Flyplassen) eller 34 + 42 (mot Eidkjosen) (bytte i Giæverbukta)
Rutetider finst i appen Troms Reise (Android og Iphone).