Keyboard layout definitions for desktop and mobile OS's
View the project on GitHub giellalt/keyboard-nno
Runene har ein lengre samanhengande skrifttradisjon i Noreg enn den latinske skrifta, med eit høgdepunkt mot slutten av middelalderen, då det kan sjå ut som om kjennskap til runer var godt utbreidd, og runene vart nytta til daglege og kvardagslege behov.
Med svartedauen forsvann kunnskapen mest sannsynleg. Det finst runeinnskrifter i Noreg frå etter reformasjonen, men i fylgje Nordby (2001) er alle desse truleg utførde av personar som har lese studiar av eldre runeinnskrifter.
I dag er det i prinsippet enkelt å skriva med runer. Alle runene er definerte i Unicode, og dei fleste operativsystem inneheld minst ei skrift som kan visa runene meir eller mindre rett.
I praksis er det likevel ikkje enkelt. Dels finst det ikkje tastatur slik at det blir veldig tungvint å mata inn runene. Og dels finst det ganske mange runer og alternative former for dei ulike lydane. Kva for ein rune skal ein velja for dei ulike lydane i språket?
Målet med dette arbeidet er dels å slå fast ei runerekkje som kunne vera høveleg for å skriva moderne norsk, dels å prøva ut tastaturteknologien vår på andre skriftsystem, og med det testa både tastaturteknologien og operativsystema. Kor godt fungerer ting?
Når det gjeld runerekkja så er tanken at den i så stor grad som mogleg skal byggja på dei runene som har vore i bruk i Noreg, slik dei er dokumenterte t.d. i Nordby (2001). Grunnideen er å ta utgangspunkt i den vanlegaste runerekkja frå 12-1300-talet. I eitt tilfelle (Å) finst det ingen tidlegare runer i det heile frå denne perioden, og ulike alternativ blir diskutert lenger ned, med ein konklusjon om eit fungerande val.
Denne runerekkja er plassert på tastane med dei tilsvarande latinske bokstavane. Dermed vil det vera lett å skriva norsk med dette runetastaturet - ein trykkjer den norske tasten ein ventar seg, og får i staden den tilsvarande runa frå den føreslegne runerekkja.
Alternative runer for den same lydverdien vil bli tilgjengeleg via Skift- og Alt-taster, slik at alle runene i Unicode er tilgjengelege med dette tastaturet. Hovudfokuset er likevel på at det skal vera enkelt å skriva vanleg (ny)norsk med runetastaturet.
Liste over runer i Unicode, ordna etter lydverdi/motsvarande latinsk bokstav i det norske alfabetet:
Latinsk bokstav | Rune(r) |
---|---|
A | ᚨ ᚭ ᚪ ᛅ ᛆ |
B | ᛒ ᛓ |
C | ᚳ ᛍ ᛣ ᛤ |
D | ᛑ ᛞ |
E | ᛂ ᛖ |
F | ᚠ |
G | ᚵ ᚷ ᚸ ᛄ |
H | ᚺ ᚻ ᚼ ᚽ |
I | ᛁ |
J | ᛃ |
K | ᚴ ᚲ |
L | ᛚ ᛛ |
M | ᛗ ᛘ ᛙ |
N | ᚾ ᚿ ᛀ |
O | ᚩ ᚬ ᚭ ᚮ ᛟ |
P | ᛈ ᛔ ᛕ |
Q | ᛩ |
R | ᚱ |
S | ᛊ ᛋ ᛌ |
T | ᛏ ᛐ |
U | ᚢ |
V | ᚡ |
W | ᚥ ᚹ |
X | ᛪ ᛰ |
Y | ᚣ ᚤ ᛦ ᛧ ᛨ |
Z | ᛎ |
Æ | ᚫ ᛅ |
Ø | ᚯ |
Å | |
Þ | ᚦ |
Ð | ᚧ |
Ŋ | ᚶ ᛜ ᛝ |
Ligaturar/digrafar:
Latinsk bokstav | Rune |
---|---|
ON | ᚰ |
AL | ᛮ |
Punktteikn:
Rune | Unicode-namn | Unicode-kode |
---|---|---|
᛫ | runic single punctuation | u+16eb |
᛬ | runic multiple punctuation | u+16ec |
᛭ | runic cross punctuation | u+16ed |
Uklassifiserte:
Rune | Unicode-namn | Unicode-kode |
---|---|---|
ᛇ | runic letter iwaz eoh | u+16c7 |
ᛉ | runic letter algiz eolhx | u+16c9 |
ᛠ | runic letter ear | u+16e0 |
ᛡ | runic letter ior | u+16e1 |
ᛢ | runic letter cweorth | u+16e2 |
ᛥ | runic letter stan | u+16e5 |
ᛮ | runic arlaug symbol | u+16ee |
ᛯ | runic letter tvimadur | u+16ef |
ᛱ | runic letter k | u+16f1 |
ᛲ | runic letter sh | u+16f2 |
ᛳ | runic letter oo | u+16f3 |
ᛴ | runic letter franks casket os | u+16f4 |
ᛵ | runic letter franks casket is | u+16f5 |
ᛶ | runic letter franks casket eh | u+16f6 |
ᛷ | runic letter franks casket ac | u+16f7 |
ᛸ | runic letter franks casket aesc | u+16f8 |
Norsk futhark frå slutten av 1200-talet, med tillegg:
f u Þ o r k h n i a s t b m l y g e d p æ ø c/z v
ᚠ ᚢ ᚦ ᚮ ᚱ ᚴ ᚼ ᚿ ᛁ ᛆ ᛌ ᛐ ᛒ ᛘ ᛚ ᛦ ᚵ ᛂ ᛑ ᛔ ᛅ ᚯ ᛋ ᚡ
Eller alfabetisk:
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z æ ø å
ᛆ ᛒ ᛋ ᛑ ᛂ ᚠ ᚵ ᚼ ᛁ ᚴ ᛚ ᛘ ᚿ ᚮ ᛔ ᚱ ᛌ ᛐ ᚢ ᚡ ᛦ ᛋ ᛅ ᚯ
Oppsummering av etterreformatoriske runer (Nordby 2001):
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z æ ø å
ᛆ ᛒ ᛎ ᚦ ᛂ ᚠ ᚵ ᚼ ᛁ ᚴ ᛚ ᛘ ᚿ ᚮ ᛔ ᚴ ᚱ ᛋ ᛏᛐ ᚢ ᚡ ᛰ ᚤ ᛦ ᛅ ᚯ
Om ein går attende til den yngre runerekka med tillegg, som den siste autentiske samanhengande runetradisjonen i Noreg, med små justeringar for behova i norsk i dag, skulle eit norsk runealfabet kunna sjå slik ut:
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z æ ø å
ᛆ ᛒ ᛋ ᛑ ᛂ ᚠ ᚵ ᚼ ᛁ ᚴ ᛚ ᛘ ᚿ ᚮ ᛔ ᚴ ᚱ ᛌ ᛐ ᚢ ᚡ ᛰ ᛦ ᛋ ᛅ ᚯ ᚭ
Dette er òg relativt nære den etterreformatoriske bruken av runer i Noreg, sjølv om det er visse skilnader. Sjå elles Nordby (2001), og merknadene nedanfor.
Merknader om nokre bokstavar og runer, i hovudsak om skilnader mellom (sein)middelalderrunene og dei etterreformatoriske runene, og valet mitt for den moderne, norske runerekka:
C: det er ikkje bruk for C i norsk, og namn bør anten tilpassast eller skrivast med latinske bokstavar. C er difor lik S, sjølv om kortrune for S er det føretrukne.
D: eg har halde meg til dei yngre runene, og ikkje til den etterreformatoriske gjenbruken av Thorn. Thorn er tilgjengeleg via Skift-D.
J: = I
Q: = K, sjå elles merknad til C.
S: her har eg nytta kortvarianten. Det er ein tendens i middelaldertekstane til å nytta den eldre langrune-S-en for C og Z, og kortvarianten for S, og slik har eg gjort det på dette tastaturet òg. Lydverdien er den same for begge to.
T: eg har halde meg til den vanlege bruken i dei yngre runene, som òg er nytta etterreformatorisk til saman med varianten med kvist på begge sider.
W: = V, sjå merknad til C.
X: eg har lagt inn runa som er nytta etterreformatorisk, men i utgangspunktet trengst ikkje x, sjå merknad til C. I mellomalderinnskrifter med latinske låneord som med latinske bokstavar vart skrivne med X nytta ein vanlegvis runene for K og S.
Y: eg har nytta runa frå den yngre runerekkja. Den etterreformatoriske varianten er tilgjengeleg via Skift-Y.
Z: = S, sjå merknad til C. Etterreformatorisk Z-rune tilgjengeleg via Skift-Z.
Å: manglar heilt i alle kjende innskrifter, men trengst for å skriva moderne norsk. Sjå diskusjonen nedanfor.
Det er heilt naudsynt å ha ein eigen rune for Å om ein skal skriva moderne norsk med runer. Her er fire moglege løysingar, og til slutt ein konklusjon.
skulle kunna skrivast ᛆᚮ, dvs ao, som både gjev typografisk meining (Å er eigentleg A + O ovanpå), og fonologisk meining - lang A har vorte AO i islandsk og vestlandske dialektar. Men helst skulle det då vera ein digraf som ser betre ut, noko i stil med ᚰ.
Alternativt kunne det vera ᛆ (A) med dynamisk prikk, dvs ᛆ͘. som òg gjev meining: prikk er brukt for mange nyare runer som er fonologisk nære eldre runer (jf ᛑ vs ᛐ, ᛔ vs ᛒ, ᚡ vs ᚠ, osb). Men den automatiske plasseringa er stygg, ein bør i så fall nytta eigne fontar der prikken blir plassert til venstre for staven, like under kvisten, slik at plasseringa av prikken/punktet harmonerer med tilsvarande punkt i andre runer. Det burde vera:
ᛆ + ᷸ = ᛆ᷸
᷸ = COMBINING DOT ABOVE LEFT, U+1DF8
Eksemplet lenger opp nyttar COMBINING DOT ABOVE RIGHT, U+0358, men det blir sjølvsagt feil. Det er likevel det vi må nytta nett no, sidan LEFT-varianten ikkje finst i ein einaste font. Alt i alt ei dårleg løysing pga dei tekniske problema med å få det til å sjå ut slik det burde vera.
Eit tredje alternativ er å nytta ᚨ, som jo eigentleg er ein A-rune (Ansuz), som i norrønt går over til å tyda á/ó, som i Óss/Áss. Lang A (Á) svarar til Å i moderne norsk, dvs Å som i Åsgard. Hovudargumentet mot å nytta denne runa for Å er at han er lite brukt frå og med overgangen til den yngre runerekka, og deretter gjekk heilt or bruk.
Eit fjerde alternativ er å nytta den yngre varianten av Áss-runen: ᚭ. I og med at den er yngre, svarar dette alternativet betre til tanken om å byggja på den yngste, autentiske tradisjonen. Sjå elles argumenta for alternativ 3.
Av desse fire alternativa er det Alternativ 4 som peikar seg ut som det beste:
Innvendinga at Å ikkje høyrer til runeinventaret i middelalderrunene er ikkje god nok til å forkasta det alternativet framfor dei andre alternativa, som anten viser til ei enno eldre form, eller som nyttar kombinasjonar som det ikkje eigentleg er grunnlag for, eller som er teknisk uhaldbare.
Tufta på det som er nemnt over, er det endelege forslaget til eit runealfabet slik:
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z æ ø å
ᛆ ᛒ ᛌ ᛑ ᛂ ᚠ ᚵ ᚼ ᛁ ᚴ ᛚ ᛘ ᚿ ᚮ ᛔ ᚴ ᚱ ᛌ ᛐ ᚢ ᚡ ᚴᛌ ᛦ ᛌ ᛅ ᚯ ᚭ
Heilt frå opphavet har det 24 runene hatt namn, og vore ordna i ætter, i tre ætter med åtte runer kvar. Med overgangen til dei yngre runene vart runerekka redusert til berre seksten runer, men framleis ordna i tre ætter.
Med middelalderrunene vart runerekkja utvida igjen, fremst med stungne runer, for å betre skilja dei ulike fonema frå kvarandre i skrift. Desse nye runene hamna sist i runerekkja, og formar soleis naturleg ei ny ætt.
Det er òg ført opp (forslag til) namn på runene, basert på norrøne namn der slike finst eller høver. Namn merkte med * er gamle namn som vart nytta på runer som seinare gjekk or bruk, men som her er tekne fram att for nye runer med dei same lydverdiane. Namn merkte med † er heilt nye namn (mine forslag).
Ordna etter ætter, dvs som ein futhork basert på materialet frå 1200-talet (jf Nordby 2001, s. 29), skulle det kunna sjå slik ut:
Rune | Runenamn | Latinsk(e) bokstav(ar) | Merknad |
---|---|---|---|
ᚠ | ᚠᛂ / fe | f | |
ᚢ | ᚢᚱ / ur | u | urokse |
ᚦ | ᚦᚢᛌᛌ / tuss | t(h) | |
ᚮ | ᚮᛌ / os | o | |
ᚱ | ᚱᛂᛁᛑ / reid | r | |
ᚴ | ᚴᚮᚿᚵ / kong | k (c, q) | norrønt kaun, = byll, svoll |
Rune | Runenamn | Latinsk(e) bokstav(ar) | Merknad |
---|---|---|---|
ᚼ | ᚼᛆᚵᛚ / hagl | h | |
ᚿ | ᚿᛆᚢᛑ / naud | n | |
ᛁ | ᛁᛌ / is | i, j | |
ᛆ | ? | a | Ingen av dei gamle namna høver lenger |
ᛌ | ᛌᚮᛚ / sol | s (c, z) |
Rune | Runenamn | Latinsk(e) bokstav(ar) | Merknad |
---|---|---|---|
ᛐ | ᛐᛦ / Ty | t | gudenamnet, som i tysdag |
ᛒ | ᛒᛁᚯᚱᚴ / bjørk | b | |
ᛘ | ᛘᛆᚿᚿ / mann | m | |
ᛚ | ᛚᚮᚵ / log | l | utkok, plantesaft |
ᛦ | ᛦᚱ / yr | y |
Denne ætta er ei nylaging, opphavleg fanst det berre tre ætter. Namnet bør takast frå namnet på fyrste runa i ætta, slik som for hagl- og ty-ættene, men rekkjefylgja på desse runene er tilfeldig, i fylgje Nordby 2001, s. 29. Eit prinsipp for å bestemma rekkjefylgja kunne vera alderen til runene, med dei eldste fyrst. Rekkjefylgja nedanfor er basert på opplysningane i artikkelen om runer i Store norske leksikon. Stemmer dette, så skulle ættenamnet i så fall bli elg (ᛂᛚᚵ).
Alle runene i denne ætta er nylagingar frå middelalderen, med unnatak av ᚭ (å), sjå over.
Rune | Runenamn | Latinsk(e) bokstav(ar) | Alder |
---|---|---|---|
ᛂ | ᛂᛚᚠ / elg* | e | Fyrste halvdel av 1000-talet |
ᛅ | ᛅᛐᛐ / ætt† | æ | Andre halvdel av 1000-talet |
ᚯ | ᚯᛦᚴ / øyk* | ø | Andre halvdel av 1000-talet |
ᚵ | ᚵᚭᚡᛂ / gåve* | g | 1100-talet |
ᛑ | ᛑᛆᚵ / dag* | d | 1100-talet |
ᛔ | ᛔᛁᚵᚵ / pigg† | p | 1100-talet |
ᚡ | ᚡᛂᚿ / ven* | v (w) | ukjent |
ᚭ | ᚭᛌ / ås | å | Ny bruk |
Plasseringa av runene er slik at dei ligg på dei same tastane som dei norske bokstavane med tilsvarande lydverdi.
Alle andre runer enn dei som er relevante for å skriva norsk er tilgjengelege via Skift- og AltGr-tastane. Det vil difor vera mogleg å skriva alle runer som er definerte i Unicode.
I mobiltastaturet ligg alle variantane på langtrykk.
Kjelde for runealfabet og futhark, brukt som grunnlag for forslaget mitt:
Sjølv om begge wikipediaartiklane er velskrivne, er det nokre ting som ikkje stemmer med det Nordby skriv, t.d. om kontinuiteten i bruken av runer i Dalarna. Det er rimeleg å tru at Nordby er den beste referansen både når det gjeld det og andre skilnader mellom kjeldene.