term-sme-x-nursing

Nursing tterminology project, public repository

View the Project on GitHub giellalt/term-sme-x-nursing

Skisse for prosjekt for nordsamiske terminologi for sjukepleiarutdanninga

Dette dokumentet var det opprinnelege plandokumentet frå 2021, delar av det blir revidert undervegs.

Bakgrunn

UiT har starta opp ei sjukepleiarutdanning på nordsamisk i ein situasjon der det ikkje har vorte gjort systematisk arbeid for å bygge opp ein nordsamisk terminologi for sjukepleiefaget. Dette prosjektet vil bidra til å bygge opp ein slik terminologi. Eit terminologisk prosjekt av denne typen treng fagfolk med innsikt i sjukepleiarutdanninga og sjukepleie som fag, på samisk, norsk og finsk. Det vil også trenge språkteknologar og terminologar. Norsk er relevant fordi store delar av faglitteraturen på utdanninga vil vere på norsk. Finsk er relevant fordi det for alt terminologisk arbeid for nordsamisk er viktig å vurdere både finsk og norsk terminologi.

Gjennomføring

Gjennomføringa av prosjektet vil inklusere samiskspråklege sjukepleielærarar på IHO i Kautokeino, sjukepleielærarar på IHO i Tromsø og språkteknologar og terminologar ved Giellatekno på ISK i Tromsø.

Delprosjekt

Denne terminologien vil dels gå inn i eksisterande ordbøker og termsamlingar og dels bli tilgjengeleg som eigne lister for sjukepleieutdanninga og som grunnlag for sjukepleielærarar når dei skal lage førelesingar og eventuelt utarbeide faglitteratur på samisk.