GiellaLT Documentation

GiellaLT provides rule-based language technology aimed at minority and indigenous languages

View GiellaLT on GitHub giellalt/site-giellalt.uit.no

Page Content

S&T 6.6.2018

Saker:

satni.uit.no - nginx, xymon, NDS

Problemet med å skifte frå apache til nginx (problem med skin, javascript, css i mediawiki) inneber at vi utset skiftet og at NDS blir verande der dei er til etter sommarferien.

Zulip-oppsummering etter ei veke

Trond:

Tekst til Sametinget

Vi diskuterte og jobba med saka, kom langt, men har ingen ferdig tekst.

crk og syllabisk + dict

Antti har sett opp ei kriteriums- og testliste. Sjå siste e-post. Sjur og Trond jobbar vidare med dette.

Tröndelaage

Maja og Sjur tek opp saka i Hattfjelldal.

Børre og ferie

I løpet av ferien vil Børre ikkje ha e-post, men telefon. Vi ringer til Børre berre når vi verkeleg står fast, så vurderer vi situasjonen i lag med Børre i telefonen.

sma og MT

Problemet med å kompilere sma for apertium (rapportert av Trond tidlegare) er knytt til url-analysen. Med Sjur si løysing for det siste, bør no også sma-problemet vere løyst. Trond testar.

NAV-møte

Flytta til 20. eller 21. august, Børre vil dra, kanskje fleire. Vi kjem tilbake til kven elles som dreg.

Finsk-ugriska sällskapet, september

Har invitert Trond til å halda eit føredrag i Helsingfors, Trond har takka ja. Spørsmål: skal Sjur vera med på føredraget? Føredraget går på finsk, truleg.

Tema: det vi har gjort. Kva er status for finsk-ugrisk språkteknologi? Korleis går arbeidet vårt inn i den historiske ramma for finsk-ugrisk forsking i Helsingfors?