GiellaLT Documentation

GiellaLT provides rule-based language technology aimed at minority and indigenous languages

View GiellaLT on GitHub giellalt/site-giellalt.uit.no

Page Content

Divvun-møte 11.10.2018

Til stades: Børre, Elena, Linda, Maja, Sjur

Sjuk: Duommá

Saker:

sidan sist

Børre:

Maja fann feil i satni.org i går: om du skriv inn eit ord som ikkje finst og klikkar på det, så går nettsida heilt bing (blir tom). Maja skreiv inn «aehtjie», «tjidtjie». Børre har støtt på samme type feil med «unngå», skal fikse. Språkkodar, ordklasser må visast som noko meir forståeleg - forvirrande for vanlege brukarar.

Maja: skulle vera bra med lenke frå ordbokssidene våre til Álgu-basen (etymologisk ordbok over samiske og andre uralske språk - [http://kaino.kotus.fi/algu])

Elena:

Maja:

Linda:

Maja: burde vi skaffa koppar eller noko anna som vi kan gje som gåve til gjester, og med trykk som på ein humoristisk måte koplar til det vi driv på med.

Sjur:

Eckhard til Tromsø (CG-workshop)

Vi bør invitera Marja-Liisa.

Laga og integrera fst av bidix & ordbøker, slik at Eckhard veit kva setningane handlar om. Eit slikt oppsett kan òg nyttast som utgangspunkt for integrert synonymordbok og “forsamiskmodul”.

IWCLUL 2019 (5. Intern. WS on Computational Linguistics of Uralic Languages)

Gramkontrollarbeid framover (alle språk + smn)

Medarbeidarsamtaler

Ved neste samling, om vi får det til å fungera (det er knapt med tid).

Ymse

Inga fekk ei dotter for litt sidan. Vi må senda ei helsing! Elena finn noko og tek med helsinga frå oss.